søndag 28. februar 2010

Heimelaga vasar

Dette er flasker det har vore sviskesaft og chilisaus i! Fekk ideen til å laga desse søte små vasane i interiørmagasinet Rom 123. Eg vaska dei godt og fjerna limet etter etikettane. SÅ tømte eg maling oppi flaskene og hellte det ut igjen. Syns dei vart kjempefine!! Må skaffa meg ein liten blomekvast til å ha i den eine. Kan og vera fint å knyta eit blondeband rundt tuten på den lyseblå?! Den har forresten samme farge som stolane eg mala ("Isvann").

Ha ein fin søndagskveld! Ei veke med ski nedover og bortover står for tur:-)

fredag 26. februar 2010

Svigermors knekkebrød!


Svigermor fortalde hin dagen om nokre knekkebrød som ho hadde laga, og som var så gode for magen... Eg tenkte at det hadde vore noko å eta på no, sidan bikinien snart skal hentast fram att frå glømselen:-/ Oppskrifta eg fekk var som følgjer:

3,5 dl havregryn
3,5 dl grov rugmjøl
1 dl kli (havrekli)
1,5 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 dl hakkede valnøtter
7 dl vann
*Bland godt*

Smør det ut over to steikeplater med bakepapir.


Steik på 180 grader i varmluft i 10 minuttar. Ta så ut platene og skjær i høvelege stykker med ein pizzaskjærar. Tilbake i omnen skal dei steika på 160 grader i 30 minuttar. Etter dette skal knekkebrødene over på rist og tørkast i 30-45 minuttar på 80 grader med døra open.


Namnam! Dei vart kanskje litt mjuke, men det var berre godt! Kjempegode- og eg trong berre eta to stk så var eg mett!!!


Ha ein fin dag alle saman! Solklem frå Vivi

torsdag 25. februar 2010

Snøkvinna Klara


Snøkunst rett utanfor inngangsdøra. Det er ikkje eg som har vore modell iallefall *LOL* Godt at store og små barn i heimen kan finna gleda i all denne snøen! Sjølv held eg meg til å konstruera snølykter... Eg syns denne vinteren minnar om alle vintrane som barn!?? Eller var det ikkje slik at vintrane var fulle av snø og somrane berre hadde solfyllte dagar? Jau, eg trur det var slik det var.

Ha ein riktig god kveld alle saman! Klem frå Vivi

onsdag 24. februar 2010

Det snør, det snør, tiddeli bom



Då eg kikka ut kjøkkenvindauga idag tidleg, fekk eg auga på ein stakkars liten tipp som sat og fraus på ei grein. Eg fekk vondt av den vesle kjøttmeisa som sat der ute, og fann ut at idag måtte eg få fingen ut og laga noko å servera tippane mat i! Det resulterte i ei "mathus" laga av ein mjølkekartong. Eigentleg skulle eg ha laga fleire, men eg hadde berre ein kartong for handa. Eg får mobilisera resten av heimen seinare og kanskje laga smultbollar eller noko anna godt til dei små fjørkledde der ute.. Uansett: I mathuset la eg havregryn og brødsmular frå grovt brød. Anna fuglemat eg kjem på (men ikkje har i huset akkurat no): Solsikkefrø, hirsefrø, frukt og bær og kokte poteter. Nettsida fuglevennen.no hadde mange gode tips for fuglefòring.

Med ein baby på fem månader så vert ein fort litt vèrfast når det snør slik som no. Ikkje kan ein gå med vogn, og ikkje er det noko særleg med bæresele heller. Ikkje for det, eg likar å vera inne eg! Men eg vart litt stoppa i prosjekta mine på grunn av at symaskina er på sørviss:-/ Eg som nettopp har fått ei stor forsending stoff frå Stoff og stil!! Inspirasjonen boblar nesten over. Det er kjøkkenet som skal fornyast så snart Bernina kjem heim igjen. I mellomtida får eg mala ferdig ytterdøra. Den vart grunna for eit par veker sidan og sidan har ho stått der, flekkete og fæl. Kanskje eg malar eit strøk ikveld?! Ha ein fin onsdagskveld alle saman!!

tirsdag 23. februar 2010

Venninna mi...


Idag måtte eg sende mi venninne, Bernina, til overhaling:-/ Det vart noko gale med undertråden medan eg sydde på trekka til stolputene. Håpar ho snart kjem heim att! Eg får heller gjere litt husarbeid i kveld da:-( Må hugse å sjå Frustrerte fruer klokka 21.40- vekas høgdepunkt (og god unnskyldning for å eta litt smågodt sjølv om det ikkje er laurdag)

mandag 22. februar 2010

Stort potensiale...



Me fekk akutt bruk for nye kjøkkenstolar og gleda var stor da eg oppdaga fire furustolar på finn.no. Stolane var gratis og då me henta dei såg eg tydeleg kvifor. Tilsaman 40 liter vatn med trevaskemiddel brukte eg for å få dei reine. Eg har erfart at forarbeidet er svært viktig for at ein skal få eit fint resultat, men her var det ingen snarvegar å ta uansett..


Kvistlakk og eit godt lag med grunning er viktig:-)

Akkurat slik eg såg det for meg:-) Fargen heiter "Isvann" og er kjempefin! Litt "gammaldags" på ein måte... No skal eg sy trekk til keisame stolputer kjøpt på Kid!