tirsdag 30. mars 2010

Påskeegg anno 1984




Dette påskeegget fekk eg av mor og far då eg var 5 år gammal. Det er mikrobisk i forhold til dagens egg, men den gongen var me vel takksame for mindre?! Eg kan hugse at nokre få bamsemums fekk plass i egget, samt bananslikkepinn, dumlekaramell og eit par seigmenn. Ein må hugse på at dette var før smågodtet si tid... Eg brukar egget enda og på grunn av at det er så lite og eg er blitt så stor, så må eg ha påfyll- i alle fall to gonger;-) Andre som har påskeegg frå barndommen å fortelja om? Uansett; ha ein fin tysdag- og ikkje gløym Fruene!!

mandag 29. mars 2010

Påskestemning


Vårin pyntar påskeriset.




Vivi kosar seg med skum og blad.

Det er ikkje mykje som minnar om vår ute, så det er best å kosa seg inne:-)
Ha ein fin mandag!!

søndag 28. mars 2010

Wabi sabi


www.mundochia.com




www.poetichome.com







Som så veldig mange andre så likar eg miksen mellom gamalt og nytt. Eg syns uansett det er vanskeleg, og litt kjedeleg å gå for ein spesiell gjennomført stil. Heime hos meg vil eg påstå det er ein gjennomført stilmiks som råder. Litt fransk landstil, litt retro og litt wabi sabi. Det er fint å setja sitt preg på hus og heim for å ungå at det ser ut som i ein møbelkatalog. Eg likar å sjå i blad som Jeanne d`Arc Living, for så å kombinera idear derifrå med inspirasjon frå Blogglandia. Det er kanskje minst wabi sabi her i heimen, men eg likar ideen.. Me har stovebord frå Home and Cottage laga av 100 år gamal alm, og ei smal hylle over senga som er ein planke mannen min ein gong fann. Legg merke til den litt knæsje fargen på soverommet. Eg var litt usikker på om fargen var riktig, men no syns eg den er ganske så fin.

Riktig god søndag til alle!

lørdag 27. mars 2010

Are you addicted to fabric?




I så fall kan du stikka innom den engelske nettsida fabricrehab.co.uk


Desse stoffa har eg kjøpt der. Eg betalte ca 200 NOK for stykka som er ca 50*50 cm store. Fine til små lappeteppe, sminkepung, liten duk med rynkekappe rundt m.m. Eg ville ha teke fleire bilder av kvart enkelt stoff, men Earth hour stansar meg. Energi-spare-timen er vel igrunn over no, men likevel vil eg halda lysa avslått ei stund til. Det er så koseleg med alle stearinlysa!? Får heller posta ulike stoff-prosjekt etterkvart som dei ser dagens lys!

God laurdagskveld frå Vivi

fredag 26. mars 2010

Retroshabbychic







Litt forandring på ein fredag. Biletet med englane er resultat av ei impulshandling med lerret, måling og decoupage. Hengte det opp over kjøleskåpet inntil vidare.. Ser at eg burde brukt ein gråare farge som bakgrunn. Som mange andre har eg skaffa meg ein lyseblå "Keep calm"-plakat frå keepcalmgallery.com. Ramma eg skal bruke er ikkje "ferdiglaga" og eg manglar glas i storleik 40*60 cm, difor er den ikkje komen på veggen enda:-(

God helg!

torsdag 25. mars 2010

Morgonstund har gull i munn...













Eg kan hugse besteforeldrene mine eta nons på desse tallerkane. Det var så kjedeleg å venta på at dei skulle vakna opp etter middagskvilen, men til nons venta det alltid noko godt å eta; Vestlandslefse med sukker, smør og kanel.






Stille morgon på kjøkkenet mitt. Selma ligg på matta si, lukkeleg uvitande om at ho burde ha snudd seg frå rygg til mage no. Kaffi i koppen og bloggsurfing er flott. Ut av radioen strøymer flott musikk og fotoapparatet er ikkje langt unna det heller. Kva er de mest fornøgde med på kjøkkenet dykkar?

Finfin torsdag til alle:-)

onsdag 24. mars 2010

And the name is Wedgwood...







Eg veit no kva eg ynskjer meg til bursdag og jul dei neste ti åra... Dette serviset var berre ufatteleg fint! Det var magisk å halda koppen for så å setja den ned på skåla. Lyden som kom da var fantastisk, det berre osar av sofistikert engelsk "tea time" med veslefingen høgt heva. Herleg.

tirsdag 23. mars 2010

Høna eller egget...



På Hobbykjellaren kom eg over egg i babuska-utforming. Eg var ikkje sikker på kor mange egg eg kjøpte, og då eg kom heim såg eg at det var tre stykker i pakken. Eit til mammabjørnen, eit til pappabjørnen og eit til babybjørnen (i den rekkjefølgja...)







Dette litt utanom-det-vanlege påskeegget fann eg på Trend og Nostalgi. Kunne tenkt meg å laga slike, men er ikkje sikker på kvar eg finn det papiret som er limt på. Inni trur eg det er isopor. Ved kassaapparatet låg det nyaste nummeret av Jeanne d`Arc Living og meir er det ikkje å sei om den saka...



Sjølv om eg skal vekk deler av påska er det koseleg å få våren inn i stova med litt grønt og gult, men då helst i små dosar....

Ha ein fin tysdagskveld. Og ikkje gløym Frustrerte fruer!!!!

søndag 21. mars 2010

No kan ingen kjenna seg trygge.....







På biblioteket fann eg denne boka. Veldig inspirerande sjølv om bileta har eit visst 1994-preg over seg. Boka inneheld enkle oppskrifter med gode forklaringar for dei som ikkje har gassa på symaskinpedalen sidan 9. klasse. Her finn ein oppskrifter på gardiner, bag med snørelukking, puter i ulik utforming og mykje meir. Veldig å anbefala! Trur eg må kjøpa meg denne.. Kjekt å laga gåver til store og små!? Boka er skriven av Sue Thompson og heiter SØM- Sy vakre ting til hjemmet.


God søndag!

torsdag 18. mars 2010

Gullfiskhukommelse




Eg er ein ivrig lesar av mange blad. No for tida går det mest i Kamille, Costume, Rom 123 og diverse andre interiørblad. Det er så kjekt å bli inspirert, drømma seg vekk, samt læra mykje nytt. I dei fleste blad er det mange gode tips som eg alltid tenkjer at "dette MÅ eg hugse"! Det kan vere alt frå gode matoppskrifter til kjekke nettsider som eg har lyst til å sjå nærmare på seinare ein gong... Difor har eg no skaffa meg ei bok med stivt papir som fungerer som ei slags hobbybok. Der ligg idear til syarbeid, blogg, nettadresser osvosv. Det minnar meg faktisk litt om den gode gamle skuledagboka frå ungdomsskulen. Der vart det limt inn Stimorol tyggispapir, kule klistremerker og venninnebilete teke i fotoboksen på Bystasjonen. Og adresser, fjortissdikt m.m vart skrive ned med sirlig skrift. Det var ei bok som fartalde kven eg var da, nett som "home made-boka" er det for meg no.

God torsdagskveld:-)

onsdag 17. mars 2010

Alt for gjenbruket!




Dette var opprinneleg ei brunbeisa aviskorg med bord over, men etter ein omgang med pussepapir, grunning og maling så vart det eit ganske fint avlastningsbord?! "Gardina" som er spikra på langs kanten er laga av lerretsstoff som eg har sydd blondekant på. Greit å skjula korga under som inneheld sysaker utan orden...



God onsdag til alle:-)

søndag 14. mars 2010

Strykemerker



Eg har kjøpt strykemerker på mirabell.no. Nettbuttikken har utruleg masse fint og sørvissen er upåklageleg. Eit par gonger har eg måtta kontakta dei, og begge gongane har eg fått veldig god hjelp. Vedlagt følgte det med bruksanvisning som var veldig lett å forstå. Det var likevel vanskeleg å veta kor varmt strykejernet skulle vera og kor lenge eg skulle trykka det hardt ned på merket. Men det gjekk bra- i alle fall denne gongen, og no har eg fått meg ei ny pute i sofaen <3 Kvite puter + barn = ikkje god kombinasjon... Men så er det keisamt å alltid tenka på kva som er mest praktisk!?!!







God søndagskveld!!!!

fredag 12. mars 2010

Vår i lufta!



På kjøkkenet har eg lenge hatt ei svart liftgardin som eg har vore veldig nøgd med. Men saman med stoffa frå Stoff og Stil kom ynskje om fornying på fleire frontar. Det gjekk hardt ut over den svarte gardina som måtte bøta med livet for ei lyserosa rullegardin. Kjøkkenet vart litt dokkehusaktig etter at den kom opp og bordet var ferdig malt. Ganske feminisert, men mannen hadde ikkje noko imot det- iallefall sa han ikkje noko:-) Utruleg kor eit heilt rom kan forandra karakter berre av å henga opp litt ny tekstil?! Og med lyserosa Tilda-stoff og plussgrader kom den gode vårfølelsen fram- endeleg!







Riktig god fredagskveld!