fredag 30. april 2010

Oppbevaringskassen og eit lite tips




Foreløpig har eg ingen planar med noko skrift på denne søte vesle dingsen. Det vert litt too much syns eg. Og ikkje vart det trekk med farge på heller:-* Men slik er det når ein forandrar på noko; det er ikkje alltid det blir slik ein har tenkt! Eg er i alle fall godt fornøgd med denne. Kan ikkje få nok plass til oppbevaring av slikt som ein må ha lett tilgjengeleg :-D

Dagens tips:

papirgleder.no har eg kjøpt bokstavar som ein "skrapar av" på underlaget. Eg begynte å skriva noko på ein krakk, men så slapp eg sjølvsagt opp for bokstavar:-/ Litt skeivt vart det visst og. Eg får skulda på litt dunkel belysning og at det var svært seint, eller eg kan sjå på det som ei påminning om at eg bør komma meg til optikaren (eg var sist i 2001...)



God fredag!!!

onsdag 28. april 2010

Dagens nettside

Idag er det øspøs regnver. Fy og fy altså! Men eg har høyrt om stader i landet kor det snør så ein skal vel ikkje klaga veldig høgt:-/ Det blir til at ein sit inne og gjer ingenting. Eller det er ikkje heilt sant. Eg ligg jo ein del på golvet og prøver å motivera nokon til å ta "neste steg" (blir ganske støl av det...), eller surfar på nettet etter inspirasjon og god lesning.
Tekstbilder som dette kom eg over på coulson macleod


Kan vel ikkje vera for vanskeleg å laga noko liknande med det rette utstyret?

Om Selma er treg frå rygg til mage så er ho i det minste veldig flink til å sitta. Eg lurer faktisk på om ho kan lesa og. Ser slik ut her i alle fall??!! Hihi, ganske morsomt bilde:-D



Ha ein kjempefin dag! Kjem plutseleg tilbake med litt tekstilprodukt...

søndag 25. april 2010

Og fint skal det værra...



Den stakkars gamle korga har fått gjennomgå av både malekost og spray. Den vart ganske søt og livar litt opp på den kjedelege kjøkkenbenken. Den store oppbevaringskassen min vart ikkje så verst den heller?!! Berre eitt strøk igjen no:-)



Det store sørsmålet no er kva stoff eg skal velgja å ha på lokket. Hadde det ikkje vore for nokre flekkar som ikkje kan tørkast av så kunne eg hatt det som er på no. Tenkjer meg noko med litt meir farge... Hmmmm..



Men lyserosa eller lyseblått (faktisk ei gammal skjorte), er jo og fint!? Eg skal prøva å få tak i bokstavstempel og skriva noko på boksen heilt til slutt; Skjerf&vesker, eller noko i den duren. Dersom det passar..



Eg får fundera ei stund vidare på dette:-* God kveld!!!!

lørdag 24. april 2010

join loppis bergen



Har de fått det med dykk? At ein kan få sms-varsel fredagen før loppemarknaden skal finne stad? Ein sender join loppis og den kommunen ein søkjer det i og sender det til 2002. Kanskje dette er allmenn kunnskap, at det berre er eg som ikkje veit det. Men uansett; er det ikkje fantastisk??

Gardengirl


Det hadde ikkje gjort noko å ha alle desse sakene til å hjelpa seg når hagen skal til pers no etter vinteren. Hagen min ser meir ut som reine utmarka så eg måtte nok hatt meir enn knebeskyttelse og solhatt for å angripa den. Men det hjelper litt på motivasjonen å ha kle og fottøy i orden. Dette flotte hageutstyret fann eg på gardengirl.no. Nettbutikken sel hagekle for kvinner, designa av kvinner. Veldig masse fint!




Ei anna nettside med hagesaker er igroshage.no Her får ein kjøpt alt ifrå lauk til bursdagskort og kule boksar.


Eg trur jammen meg at eg skal stikka utomhus litt eg. Det er litt som skal gjerast;-)
God laurdag og lykke til på loppejakt til alle som er det!

fredag 23. april 2010

Ein heilt vanleg dag..



Her går eg mest i ring når snella søv fordi det er så mange ting eg vil få gjort på den halvanna timen ho kviler. Nokre ting jo berre bli gjort, slik som vasking av kle, golv, støvsuging osvosv. Eg reknar med at fruer og andre skjønar kva eg meinar... Idag har eg bytt om frå vinter- til vårgarderobe i skåpet. Vekk med alle ullgensarane som eg ikkje har brukt likevel. Burde ikkje lagt dei opp på loftet igjen sidan eg nok ikkje kjem til å bruka dei neste vinter heller. Det er altfor lett å kjøpa seg nye kvar sesong... Det er berre så vanskeleg å kvitta seg med kle!!! Ned frå loftet kjem vår- og sommarkle og mykje som eg faktisk har gløymt at eg hadde:-/ Det blir nesten som å få seg noko nytt!!

Utanom rydding og andre nødvendige sysler så er det sjølvsagt noko som skrik etter litt kvitmaling her i heimen. Det vert fort til at vaskerommet får gjennomgå. I draumehuset mitt skal eg ha eit eige rom/ kjellar som eg kan boltra meg fritt i. Det er så bale å rydda vekk malesakene heile tida. For ikkje å snakka om lukta som kjem...



Dette er ein puff med lokk som eg pleier ha vesker og skjerf i. Den har til no vore koksgrå, men no skal fargen skiftast og lokket skal få nytt trekk. Eg tenker å skriva noko på den og. Nokon som veit kor ein får tak i bokstav- og talstempel?


Pappen klødde seg i litt i hovudet då eg spurte om eg kunne få denne kista. Besten brukte den til å ha forskjellig rot i den trur eg. I alle fall er den godt brukt så det er ikkje så rart at han far lurte litt... Eg har tenkt litt fram og tilbake korleis eg skal angripa den; med pussepapir eller malingsfjerner. Puh.. Det vert litt av ein jobb!! Trur det er best å ta den med ut når eg går igang så da må sola koma tilbake fyrst:-)



Tilslutt er det denne korga som skal under penselen. Eg ville fyrst ha den slik, men det vert for mørkt syns eg. Durance-vaskemiddelet mitt er berre herleg! Verkeleg å anbefala altså!!

No er minien våken og det luktar mistenkeleg. Det betyr at maleprosjekta får venta litt og eg må ned på golvet og turna med ho som fortsatt er fornøgd med å berre ligga på rygg...

God helg til alle, om de har malebukse og malesveis eller ikkje!

onsdag 21. april 2010

Fargefest



Eg har visst om det før, men det var etter å ha sett eit innlegg hos Hvit romantikk at eg fann ut at dette var noko som virka enkelt å gjera og med eit fint resultat. Kva?, tenkjer kanskje du no. Det eg snakkar om er å laga kvite, keisame lys om til stemingsfulle fargeklattar ved hjelp av serviettar og ei varm skei. Eg var redd for at det skulle bli skrukkete, men det vart ikkje ein einaste skrukk. Etter bryllupet ifjor har me lassevis med desse kvite kubbelysa kjøpt på IKEA så her er det berre til å stå på. Kan ikkje gje dei vekk sidan dei har brent litt, men lys får ein ikkje nok av så eg har ingen problem med å ha dei sjølv! Med det fine veret kjem lysta til å gjera det litt vårleg inne og. Ny blom i glaset saman med desse marimekkolysa vart ganske bra. Eller kva syns de?





Hei og hå! Ha ein fin aprilkveld!!!!

fredag 16. april 2010

Vis tallerkenhylla di!



Det er så kjekt å sjå andre sine tallerkenhyller! Stæsjemåtane er utallige på desse hyllene, enten dei er på barnerommet full av bøker og leikebilar. Og/ eller på kjøkkenet med fine fat og ting som ein er glad i. Eg har hatt mi slik som dette lenge no og er eigentleg veldig fornøgd, men det hadde vore kjekt med litt forandring. Hylla kjøpte eg på Ai- interiør i Norheimsund. Eg finn alltid noko lite når eg er der... Ønske om forandring til noko nytt på interiørfronten kjem saman med vårfølelsen syns eg.

I dag regnar det så da finn eg på noko kjekt inne:-)



Ha ein fin vårdag alle saman!!!!

torsdag 15. april 2010

Awarder på løpande band!


Denne gongen er det Fru Andersen som har sendt meg eit fint muffinsbilde med oppmodinga om å skriva ti ting som gjer meg glad. For så å senda same oppgåva vidare til andre nydelege bloggar. Tusen takk Fru Andersen . Bloggen din er kjempemorosam å lesa. Kjenner meg alltid igjen i det du skriv:-)

Det som gjer meg glad er:

1. Sjå rett inn i dei knallblå augene i det smilande, lubne fjeset til Selma
2. Ligga i armkroken til mannen min og sjå på TV (me er ikkje så voldsomme på dansing som det ekteparet Andersen tydelegvis er;-)
3. Vera på klubb saman med bestissane mine <3
4. Eta god mat og drikka god drikka
5. Fredagsfølelse (har ikkje den så ofte no når eg er heime kvar dag da, men sånn elles)
6. Å få igjen på skatten
7. Å drikka kaffi med bestemor på 90 år
8. Å laga ting eller pussa opp
9. Å reisa
10.Å shoppa

Eg kunne vel eigentleg fortsatt i det uendelege... Sender søte muffins og oppgåve vidare til desse kjekke bloggane:

Skogland
Hvitstil
Emmas verden

Natti-natt!!!!

onsdag 14. april 2010

Tadadadamtada




Dette hjarte er til Christines rede for awarden ho sendte meg! Veldig kjekt Christine:-) Eg er innom bloggen din kvar dag, og eg ventar i spaning på å få sjå bilete av veggen du har tapetsert!!!

Awarden gjekk ut på at eg skulle skriva sju interessante ting om meg sjølv. Eh...

1. Eg hatar rot og ser eg ein flekk må eg vaska den vekk:-/



2. Eg likar å putla på med ting for meg sjølv
3. Når eg skal noko har eg alltid goood tid fordi eg er redd for å koma for seint
4. Noko av det mest pinlege eg har gjort er å velta på sykkel midt i rushet i den vesle tettstaden eg budde før. Foten løsna ikkje frå trøa då eg måtte trø ned for å stoppa. Det gjekk i veldig slow motion kan ein sei... Huffoghuff



5. Likar veldig godt å sjå Frustrerte fruer og Torsdag kveld frå Nydalen (likar generelt å slappa av i sofaen)
6. Likar surt smågodt og lakris (eller lakkaris som dei kallar det her eg bur)
7. Har ingenting imot charterturar til sydlegare strøk



Dett var dett og no sender eg pokalen vidare til desse heldige bloggarane: Hvit romantikk , Mrs Bjoerklund , Mittliv1975 , Mitt lille hjem , Shabby Charm og Idyll . Desse må altså kopiera Awarden til bloggen sin og linka den til meg. Fortell så sju interessante ting om deg sjølv før du sender vidare til sju andre. No kom eg plutseleg på ei sånn vandrekaka som me kalla for vennekake? Deigen måtte bearbeidast på ein veldig spesiell måte elles så råtna den? Var det ikkje slik det var? Eg hugsar eg fekk ein klatt med deig som eg ikkje passa godt nok på. Det vart inga kake for å sei det slik...

God natt

Berre barnemat







Barnemat kostar faktisk ein del, og som den bevisste husmora som eg er fann eg i dag ut at eg skulle laga babymat sjølv. Me vil jo alle at barna skal veksa opp og bli store og sterke? Utan å undersøka oppskrift på nett eller spørja om råd på helsestasjonen skreid eg til verket medan minien sov formiddagsluren sin. To små poteter, ei gulrot og litt brokkoli stod på menyen i dag (og resten av veka kan det sjå ut som...) Stavmiksaren miksa det fint saman og i akkurat passeleg konsistens. Det vart inni hampen mykje mat av så lite?! Det ser ikkje særleg innbydande ut, men ein må jo berre nytta på når barna er så små at dei ikkje veit kva dei får! Selma likte det i alle fall så godt at det må gjentakast. Eg må etterkvart få med fleire ingrediansar i maten og gå til innkjøp av frysebeger. Nokon som har erfaringar på området?

Utanom det å vera god på barnemat, har eg i dag måla dette søte skrinet. Kan hende nokon klarar å gjetta fargen eg brukte? Bilder kjem kanskje seinare...





No skal eg ut i sooola! Ha ein fortsatt fin dag:-)

mandag 12. april 2010

Kreativiteten lenge leve

For nokre veker sidan kom eg over ein blogg kor det vart oppfordra til å melda seg inn i hobbyklubben.no Litt impulsivt meldte eg meg inn fordi velkomstpakken var så bra. Eg hadde nesten gløymt heile greia, heilt til i dag då pakken kom i posten: O lykke!!!!





Gje meg nokre liter med rosa maling og litt sjabloner!!!!!!





Bilder laga av serviettar, lerret og decoupage! Dette skal eg klara.



I velkomstpakken var det med mange sånne scrapbooking-ark. Kanskje eg skulle prøvd meg på det og? Eller kanskje eg kan bruka dei til noko anna... Kjekt å ha i alle fall:-)

Dagens snop....



Desse lys-steinane kosta 39 kroner på Trend og
Nostalgi
. Dei er jo eigentleg for fine til å brenna og brennetida er berre tre timar, men eg trur nesten dei er finare utan flamme eg!?

Det er berre så fantastisk fint vær for tida. Energien boblar, men det vert ikkje alltid gjort så mykje likevel. Vanskeleg å finna ut kva prosjekt som skal vera det neste:-/ Ha ein fin måndagskveld alle saman<3

lørdag 10. april 2010

Sol ute, sol inne...





Skumring og telys på stovebordet. I dag har eg vore i Bergen ein tur. Med solbriller på nasa spankulerte eg rundt i finveret, men eg skal ikkje legga skjul på at det vart litt trøing innandørs og:-/

På Bystasjonen har det kome ein ny, kjekk og dyr butikk som heiter by Sam. Dei sel interiørartiklar, kle, vesker og tilbehør frå merker som; Andersen & Lauth, Lene Bjerre, Marlboro Classic, Bruuns Bazar, Comfyclogs og Dr.Martens.



Var innom Birte Bo ein tur og. Litt synd at butikken er så liten!



Fann fine klesplagg av Line of Oslo, men eg kjøpte ingenting. Får heller ønska meg til bursdagen som er om ikkje lenge:-)






Akkurat slik eg likar det; feminint, komfy og bohemaktig. Håpar alle har fått litt sol på seg i dag:-) God laurdagskveld!!!