torsdag 20. mai 2010

Glacier vase







Til bursdagen min fekk eg desse vasane frå Menu. Dei heiter Glacier vase og skal vere laga etter inspirasjon frå isbreen. Fargen oppi er sånn fin isblå som eg likar så godt. Det gjeld å få naturen inn i stova, difor syns eg det passa godt med dei tørre kvistane oppi. Endeleg fekk eg bruk for dei igjen:-)

Snart står nok ei langhelg for døra og me skal ut på tur. Ha ei fin pinsehelg alle bloggedamer der ute. Me får kryssa fingrane om at godvèret må halda fram!!!

onsdag 19. mai 2010

Situasjonsbilder




Veggen bak den utruleg flotte peisen vår var svart inntil igår. Eit vennepar som hadde svart kontrastfarge på ein stovevegg fekk oss på ideen. Og det var fint det, eit halvt år ca... Tre liter letthet skulle til for å få det litt lettare i denne delen av stova. Eg er vel eigentleg klar for å male resten av stova i den same fargen. Er litt lei av tapeten, syns den tek litt for mykje lys?! Me får sjå- kanskje utover sommaren ein gong..






Vårreingjeringa er i gang og dermed har ting ein tendens til å flyte litt rundt.... Det "ballar fort på seg" når ein fyrst set igang med noko. Det er ofte ganske tidkrevjande å rydde for da må ein jo av og til også kaste ting, og det er ikkje alltid like lett. Gamle minnebøker, bilder, skulebøker osvosv. Kva skal eg med dei? Men likevel forblir dei verande, dei blir kanskje berre flytta litt på. Sikkert mange som kjenner seg igjen?

Utanom å rydde og male så fyller eg år idag<3 Ein herleg dag å ha bursdag på syns eg. Det er sol og varmt, utan den isande kalde vinden som me har hatt dei siste dagane. Ikveld blir det barnevakt og ein tur til byn (ikkje byn). Ha ein fin ettermiddag alle saman:-)

søndag 9. mai 2010

Marimekko-krakk



For den observante lesar kan det virka som om at eg har dilla på marimekkoblomen, men det er ikkje heilt sant. Etter å ha dekorert både kubbelys og denne krakken med marimekkoserviettar og decoupage skal eg roa meg litt ned med akkurat dette mønsteret... Syns likevel at dette vart kjempefint! Det er jo berre ein krakk, men passar fint som eit lite bord nedi gangen, ved sida av "ventestolen" som står utanfor badet. Om kvelden tenner eg den vesle IKEA-lampen og det vert mykje koselegare enn med taklampen.



Alltid når eg er ute og reiser så kjøper eg postkort i svart-kvitt. Det er så utruleg fint å ha på veggen; enten det er av gamle fly, ein liten parisergutt med loffen under armen, Eiffeltårnet eller Audrey Hepburn.




Eg vil ynskja alle lesarar ein kjempefin søndagskveld!

fredag 7. mai 2010

Nostalgiske kleshengarar



Det er vel fleire tiår sidan Sundt hadde eigen kjoleavdeling. Men kleshengaren er fortsatt solid og fin, og bør absolutt fram i dagens lys. Skal tru om det har hengt blomstrete sommarkjolar på den ein gong i tida?





Ein dekorativ måte å oppbevara smykker på!



Det er så masse å gjera for tida at blogging vert litt lite prioritert. Idag er det 14 grader og fuglekvitter utanfor. Eg har vaska golva med Durance husvask og hatt verandadøra open. Det er så deilig med vår!!

God helg!!!

torsdag 6. mai 2010

Hjørnevitrineskap






Eg er jamnleg på gratistorget til finn.no for å sjå etter møblar og diverse som kan fornyast av meg. Medan eg tråla torget for skattar der inne idag kom eg over ei annonse (utan bilete) av eit hjørnevitrineskap. Hadde det ikkje vore for at eg har eit slikt skap og ikkje har plass til enda eit, så hadde eg nok heve meg på telefonen. Det har seg nemleg slik at eg pussa opp eit furuhjørnevitrineskap for eit par år sidan. Det vart riktig fint. Gardina inni er noko eg har hengt opp i ettertid og er ei slik panellengde kjøpt på Kid. Det er ikkje sikkert at skapet passar inn på mitt neste kjøkken, men da kan det brukast som lintøyskap f. eks. Glasknottar var berre ikkje i tankane mine på oppussingstidspunktet, men stålknottane kan jo enkelt bytast ut om eg vil det. Det finns så utruleg masse fine knottar der ute!!

Ha ein fin dag!!

mandag 3. mai 2010

Overstått 1-års bryllupsdag!



Den finaste kaka eg har sett!! Kaka var av kvit marsipan og pynta med perler og aquarius-roser. I tilleg til at den var nydeleg å sjå på, så smaka den fantastisk!





Kjolen min var av den store sorten, dog ikkje blautkakeaktig. Masse draperingar og lag på lag med tynt, fint stoff. Kjolen var utanom det heilt enkel, ikkje broderi eller strass eller noko slikt. Presten er ei barndomsvenninne av meg.



Eg leita og eg leita etter den perfekte brudebuketten, heilt til eg plutseleg kom over den i eit blad. Eg tok med meg biletet til den lokale blomebutikken og spurte om dei kunne hjelpa meg med ein slik. Det kunne dei og vips!, så var verdas finaste bukett i boks. Den hadde perler, kvite orkidear og dei same rosene som vart brukt til å pynta med rundt omkring elles denne dagen. Det at den var lang passa ekstra godt sidan kjolen var så stor.



Festen hadde me på Sandven Hotel. Eit kjempefint, gamalt hotel i heimkommunen min. Her er festsalen dagen før dagen. Eg fekk hjelp av to gode venninner til å pynta. Tema er dei same rosene som på kaka og perler. Perlene kjøpte eg på Nille. Ein kan få kjøpt slike rullar med pynteband og perler. Eg tok av "tråden" med perler og la den nede rundt nokre av kubbelysa. Eg ville heller ha mange små vasar med roser enn nokre få store oppsatsar.



I staden for tradisjonelle bordkort hadde eg telysglas som var frosta. Utanpå dei skreiv eg namnet til gjesten. Det vart utruleg stemningsfullt med alle lysa.

Telys, telysglas, invitasjonar m.m. kjøpte me på decorium.no. Servicen der var upåklageleg og dei har svært mykje fint.

Gled dykk alle gifteklare der ute. Det er faktisk ein heilt utruleg, uvirkeleg og fantastisk dag. Den går berre så altfor fort over.. Heldigvis for gode minner, videofilm og bilder!!

Så til slutt; Vivi`s bryllupstips!
- Våg å vera utradisjonell! Ikkje tenk for mykje på kva den og den syns om de gjer det slik eller slik. Det er dykkar dag og det må alle respektera:-)
- Kan intromusikken til Derrick vera fin å dansa brudevalsen til? Ja, det kan den! Det same kan mykje av musikken i Gudfaren-filmane. Tenk utradisjonelt 8-D
- Kan du gå inn i kyrkja til noko anna enn Mendelsohn?
- Ei korg med div. toalettartikler, strømpebukse, tyggis, hårspray m.m. kan vera kjekt å ha på toaletta.
- Dersom du har festen på eit hotell kan det vera greitt å ha eit eige nachspielrom til gjestene som ikkje vil gje seg klokka 0200. Server gjerne pølse i lompe på dette rommet.
- Legg inn fleire korte pausar undervegs i middagen.
- Kan du kjøpa brudeskoa brukt? Det var ein utgift på kroner 1300,- eg i etterkant fann ut at var litt unødvendig..
- Det går fint an å gifta seg gravid! Eg var i 5. månad..

Vel, eg trur eg gjer meg her... Ha ein fin dag alle saman!

søndag 2. mai 2010

Ny header!

No har eg mast på mannen min om ikkje han kan hjelpa meg med å laga ny header i lengre tid. Endeleg kom kvelden då det skulle skje. Stova vart omgjort til fotostudio og gode idear mangla ikkje. Han er veldig flink, syns de ikkje? At han fekk nytt kamera igår har kanskje hjelpt litt på motivasjonen? Vidunderet heiter Canon EOS 5D Mark II, for dei som lurer:-D

I dag har me 1-års bryllupsdag. Litt bilete frå den store happeningen kjem i morgon!!! No skal fotograf og stylist ta seg ein velforent pause.

God natt!

lørdag 1. mai 2010

Litt frå stova



Enkel lysekrone frå Living. Lys frå ein slik lampe er utruleg stemningsfullt syns eg, spesielt med dimmar.



Stolane og bordet var opprinneleg i mørkbeisa eik, heilt til eg fekk kloa i dei; då fekk dei fargen eggehvit og stolputene vart trekt om med svart fløyelsstoff med brokademønster. Både stolputene og lokket på kassen i gangen er trekt med gardinstoff. Ofte har gardinbutikkar ei sånn restekorg med mykje fint i og det var der eg fann stoffa.







Skjenken kjøpte eg i fjor. Den kosta skjorta, men eg har i ettertid innsett at eg burde ha brukt meir tid på å finna den rette skjenken. I tillegg kjøpte eg den etter kun å ha sett bilete i ein katalog. I katalogen såg beslaga svarte ut, men då møbelet vart levert viste det seg at dei var i messing:-/ Så da var det berre til å skru dei av for å spraya dei svarte. Ein i familien tok på seg jobben og etter det har eg ikkje sett noko meir til handtaka. Anyway, no har eg lokalisert dei og dei kjem snart tilbake slik at eg kan skru dei på att. Skjenken er kjempefin, men for den prisen kunne eg fått ganske mykje fint f. eks frå Home and Cottage Misforstå meg rett, eg syns skjenken er kjempefin, men eg trur eg ville valgt noko meir rustikt om eg skulle kjøpt den no:-*

Her skin sola, men det bles noko inni hampen så det er ikkje akkurat sommar enda. Eg har mi fulle hyre med å få borna til å forstå at dei ikkje kan gå barfot eller utan jakke...

God 1. mai!!

fredag 30. april 2010

Oppbevaringskassen og eit lite tips




Foreløpig har eg ingen planar med noko skrift på denne søte vesle dingsen. Det vert litt too much syns eg. Og ikkje vart det trekk med farge på heller:-* Men slik er det når ein forandrar på noko; det er ikkje alltid det blir slik ein har tenkt! Eg er i alle fall godt fornøgd med denne. Kan ikkje få nok plass til oppbevaring av slikt som ein må ha lett tilgjengeleg :-D

Dagens tips:

papirgleder.no har eg kjøpt bokstavar som ein "skrapar av" på underlaget. Eg begynte å skriva noko på ein krakk, men så slapp eg sjølvsagt opp for bokstavar:-/ Litt skeivt vart det visst og. Eg får skulda på litt dunkel belysning og at det var svært seint, eller eg kan sjå på det som ei påminning om at eg bør komma meg til optikaren (eg var sist i 2001...)



God fredag!!!

onsdag 28. april 2010

Dagens nettside

Idag er det øspøs regnver. Fy og fy altså! Men eg har høyrt om stader i landet kor det snør så ein skal vel ikkje klaga veldig høgt:-/ Det blir til at ein sit inne og gjer ingenting. Eller det er ikkje heilt sant. Eg ligg jo ein del på golvet og prøver å motivera nokon til å ta "neste steg" (blir ganske støl av det...), eller surfar på nettet etter inspirasjon og god lesning.
Tekstbilder som dette kom eg over på coulson macleod


Kan vel ikkje vera for vanskeleg å laga noko liknande med det rette utstyret?

Om Selma er treg frå rygg til mage så er ho i det minste veldig flink til å sitta. Eg lurer faktisk på om ho kan lesa og. Ser slik ut her i alle fall??!! Hihi, ganske morsomt bilde:-D



Ha ein kjempefin dag! Kjem plutseleg tilbake med litt tekstilprodukt...