søndag 28. mars 2010

Wabi sabi


www.mundochia.com




www.poetichome.com







Som så veldig mange andre så likar eg miksen mellom gamalt og nytt. Eg syns uansett det er vanskeleg, og litt kjedeleg å gå for ein spesiell gjennomført stil. Heime hos meg vil eg påstå det er ein gjennomført stilmiks som råder. Litt fransk landstil, litt retro og litt wabi sabi. Det er fint å setja sitt preg på hus og heim for å ungå at det ser ut som i ein møbelkatalog. Eg likar å sjå i blad som Jeanne d`Arc Living, for så å kombinera idear derifrå med inspirasjon frå Blogglandia. Det er kanskje minst wabi sabi her i heimen, men eg likar ideen.. Me har stovebord frå Home and Cottage laga av 100 år gamal alm, og ei smal hylle over senga som er ein planke mannen min ein gong fann. Legg merke til den litt knæsje fargen på soverommet. Eg var litt usikker på om fargen var riktig, men no syns eg den er ganske så fin.

Riktig god søndag til alle!

2 kommentarer:

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Enig med deg! Det er vanskeleg å finne berre ein stil å holde seg til den! Eg kjøper ting eg likar, og set dei saman med ting eg synast passar..tenker liksom ikkje på stil. Men eg fell vel under ein eller anna kategori likevel ;) Likte blåfargen din eg og :)
Ha ein fine søndag!
Klem

Fru Andersen sa...

Enig med deg i at det går fint an å blande stiler. Det er jo det som gjør hjemmet personlig og unikt! Dessuten vet jeg ikke hvilken stil jeg skulle valgt om jeg bare kunne ha en stil....ett umulig valg!
Fargen på soverommet deres var herlig!

Nå skal jeg sette meg ned og finne ut mer om wabi sabi, helt grønn på det feltet ;-)

Søndagsklem!