Den
finaste kaka eg har sett!! Kaka var av kvit marsipan og pynta med
perler og
aquarius-roser. I tilleg til at den var nydeleg å sjå på, så smaka den
fantastisk!
Kjolen min var av den store sorten, dog ikkje blautkakeaktig. Masse
draperingar og lag på lag med tynt, fint stoff. Kjolen var utanom det heilt
enkel, ikkje broderi eller strass eller noko slikt. Presten er ei
barndomsvenninne av meg.
Eg leita og eg leita etter den
perfekte brudebuketten, heilt til eg plutseleg kom over den i eit blad. Eg tok med meg biletet til den lokale blomebutikken og spurte om dei kunne hjelpa meg med ein slik. Det kunne dei og
vips!, så var verdas finaste bukett i boks. Den hadde perler, kvite orkidear og dei same rosene som vart brukt til å pynta med rundt omkring elles denne dagen. Det at den var lang passa ekstra godt sidan kjolen var så stor.
Festen hadde me på Sandven Hotel. Eit kjempefint, gamalt hotel i heimkommunen min. Her er festsalen dagen før dagen. Eg fekk hjelp av
to gode venninner til å pynta. Tema er dei same rosene som på kaka og
perler. Perlene kjøpte eg på Nille. Ein kan få kjøpt slike rullar med pynteband og perler. Eg tok av "tråden" med perler og la den nede rundt nokre av kubbelysa. Eg ville heller ha
mange små vasar med roser enn nokre få store oppsatsar.
I staden for tradisjonelle bordkort hadde eg telysglas som var
frosta. Utanpå dei skreiv eg namnet til gjesten. Det vart utruleg
stemningsfullt med alle lysa.
Telys, telysglas, invitasjonar m.m. kjøpte me på
decorium.no. Servicen der var upåklageleg og dei har svært mykje fint.
Gled dykk alle gifteklare der ute. Det er faktisk ein heilt utruleg, uvirkeleg og fantastisk dag. Den går berre så altfor fort over.. Heldigvis for gode minner, videofilm og bilder!!
Så til slutt; Vivi`s bryllupstips!- Våg å vera utradisjonell! Ikkje tenk for mykje på kva den og den syns om de gjer det slik eller slik. Det er
dykkar dag og det må alle respektera:-)
- Kan intromusikken til Derrick vera fin å dansa brudevalsen til? Ja, det kan den! Det same kan mykje av musikken i Gudfaren-filmane. Tenk utradisjonelt 8-D
- Kan du gå inn i kyrkja til noko anna enn Mendelsohn?
- Ei korg med div. toalettartikler, strømpebukse, tyggis, hårspray m.m. kan vera kjekt å ha på toaletta.
- Dersom du har festen på eit hotell kan det vera greitt å ha eit eige nachspielrom til gjestene som ikkje vil gje seg klokka 0200. Server gjerne pølse i lompe på dette rommet.
- Legg inn fleire korte pausar undervegs i middagen.
- Kan du kjøpa brudeskoa brukt? Det var ein utgift på kroner 1300,- eg i etterkant fann ut at var litt unødvendig..
- Det går fint an å gifta seg gravid! Eg var i 5. månad..
Vel, eg trur eg gjer meg her...
Ha ein fin dag alle saman!