onsdag 24. februar 2010

Det snør, det snør, tiddeli bom



Då eg kikka ut kjøkkenvindauga idag tidleg, fekk eg auga på ein stakkars liten tipp som sat og fraus på ei grein. Eg fekk vondt av den vesle kjøttmeisa som sat der ute, og fann ut at idag måtte eg få fingen ut og laga noko å servera tippane mat i! Det resulterte i ei "mathus" laga av ein mjølkekartong. Eigentleg skulle eg ha laga fleire, men eg hadde berre ein kartong for handa. Eg får mobilisera resten av heimen seinare og kanskje laga smultbollar eller noko anna godt til dei små fjørkledde der ute.. Uansett: I mathuset la eg havregryn og brødsmular frå grovt brød. Anna fuglemat eg kjem på (men ikkje har i huset akkurat no): Solsikkefrø, hirsefrø, frukt og bær og kokte poteter. Nettsida fuglevennen.no hadde mange gode tips for fuglefòring.

Med ein baby på fem månader så vert ein fort litt vèrfast når det snør slik som no. Ikkje kan ein gå med vogn, og ikkje er det noko særleg med bæresele heller. Ikkje for det, eg likar å vera inne eg! Men eg vart litt stoppa i prosjekta mine på grunn av at symaskina er på sørviss:-/ Eg som nettopp har fått ei stor forsending stoff frå Stoff og stil!! Inspirasjonen boblar nesten over. Det er kjøkkenet som skal fornyast så snart Bernina kjem heim igjen. I mellomtida får eg mala ferdig ytterdøra. Den vart grunna for eit par veker sidan og sidan har ho stått der, flekkete og fæl. Kanskje eg malar eit strøk ikveld?! Ha ein fin onsdagskveld alle saman!!

Ingen kommentarer: