torsdag 6. mai 2010

Hjørnevitrineskap






Eg er jamnleg på gratistorget til finn.no for å sjå etter møblar og diverse som kan fornyast av meg. Medan eg tråla torget for skattar der inne idag kom eg over ei annonse (utan bilete) av eit hjørnevitrineskap. Hadde det ikkje vore for at eg har eit slikt skap og ikkje har plass til enda eit, så hadde eg nok heve meg på telefonen. Det har seg nemleg slik at eg pussa opp eit furuhjørnevitrineskap for eit par år sidan. Det vart riktig fint. Gardina inni er noko eg har hengt opp i ettertid og er ei slik panellengde kjøpt på Kid. Det er ikkje sikkert at skapet passar inn på mitt neste kjøkken, men da kan det brukast som lintøyskap f. eks. Glasknottar var berre ikkje i tankane mine på oppussingstidspunktet, men stålknottane kan jo enkelt bytast ut om eg vil det. Det finns så utruleg masse fine knottar der ute!!

Ha ein fin dag!!

7 kommentarer:

Fru Andersen sa...

Så flott skapet ditt ble! Jeg skal rett inn på finn, for et slikt skap kunne jeg tenkt meg å ha på soverommet til vesker osv. Det hadde passet perfekt i hjørnet uten å ta for mye plass;-)

Flott med den gardinen inni!

Ha en fin-fin dag!

Tove sa...

Et koselig skap...
Ha en fin dag videre

Klem Tove

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Så nydeleg fint det vart!
Likte så godt at du har tatt gardin inni.
Blir mykje ryddigare inntrykk med ein gong!:)
Kos deg ikveld!
Klem:)

Jeanette sa...

Tusen takk for fin kommentar inne hos meg!! Artig at du vil følge meg! Det skapet ditt ble aldeles nydelig:)
Klem J.

Jeanette sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Christine sa...

Hei!

So fint da hjørneskapet ditt e. Eg kan få eit hjå pappa, men må berre tenka ut ein lur plass å ha da først.. ;)

Ha ein fin kveld:)
Klemmer:)

Christine sa...

Hei, og takk for kommentar på bloggen min :)

Fretex i Åsane har ein del bra, iallefall har eg stortsett vore heldig;)

Kanskje du vil vera med Fru Andersen og meg på kafetur ein dag...? Rekne med at du bur sånn ca i samme området..Hadde vor koselig :) Kjem tilbake ang dag:)

Klemmer:)