mandag 3. mai 2010

Overstått 1-års bryllupsdag!



Den finaste kaka eg har sett!! Kaka var av kvit marsipan og pynta med perler og aquarius-roser. I tilleg til at den var nydeleg å sjå på, så smaka den fantastisk!





Kjolen min var av den store sorten, dog ikkje blautkakeaktig. Masse draperingar og lag på lag med tynt, fint stoff. Kjolen var utanom det heilt enkel, ikkje broderi eller strass eller noko slikt. Presten er ei barndomsvenninne av meg.



Eg leita og eg leita etter den perfekte brudebuketten, heilt til eg plutseleg kom over den i eit blad. Eg tok med meg biletet til den lokale blomebutikken og spurte om dei kunne hjelpa meg med ein slik. Det kunne dei og vips!, så var verdas finaste bukett i boks. Den hadde perler, kvite orkidear og dei same rosene som vart brukt til å pynta med rundt omkring elles denne dagen. Det at den var lang passa ekstra godt sidan kjolen var så stor.



Festen hadde me på Sandven Hotel. Eit kjempefint, gamalt hotel i heimkommunen min. Her er festsalen dagen før dagen. Eg fekk hjelp av to gode venninner til å pynta. Tema er dei same rosene som på kaka og perler. Perlene kjøpte eg på Nille. Ein kan få kjøpt slike rullar med pynteband og perler. Eg tok av "tråden" med perler og la den nede rundt nokre av kubbelysa. Eg ville heller ha mange små vasar med roser enn nokre få store oppsatsar.



I staden for tradisjonelle bordkort hadde eg telysglas som var frosta. Utanpå dei skreiv eg namnet til gjesten. Det vart utruleg stemningsfullt med alle lysa.

Telys, telysglas, invitasjonar m.m. kjøpte me på decorium.no. Servicen der var upåklageleg og dei har svært mykje fint.

Gled dykk alle gifteklare der ute. Det er faktisk ein heilt utruleg, uvirkeleg og fantastisk dag. Den går berre så altfor fort over.. Heldigvis for gode minner, videofilm og bilder!!

Så til slutt; Vivi`s bryllupstips!
- Våg å vera utradisjonell! Ikkje tenk for mykje på kva den og den syns om de gjer det slik eller slik. Det er dykkar dag og det må alle respektera:-)
- Kan intromusikken til Derrick vera fin å dansa brudevalsen til? Ja, det kan den! Det same kan mykje av musikken i Gudfaren-filmane. Tenk utradisjonelt 8-D
- Kan du gå inn i kyrkja til noko anna enn Mendelsohn?
- Ei korg med div. toalettartikler, strømpebukse, tyggis, hårspray m.m. kan vera kjekt å ha på toaletta.
- Dersom du har festen på eit hotell kan det vera greitt å ha eit eige nachspielrom til gjestene som ikkje vil gje seg klokka 0200. Server gjerne pølse i lompe på dette rommet.
- Legg inn fleire korte pausar undervegs i middagen.
- Kan du kjøpa brudeskoa brukt? Det var ein utgift på kroner 1300,- eg i etterkant fann ut at var litt unødvendig..
- Det går fint an å gifta seg gravid! Eg var i 5. månad..

Vel, eg trur eg gjer meg her... Ha ein fin dag alle saman!

5 kommentarer:

Christine sa...

Hei!

Ser ut so de hadde eit kjempe fint bryllup :) Eg huske godt vårt, sjøl om da e 9 pr sia..

Takk for at du delte dagen m oss :)
Ha ein finfin mandag :)

Klemmer :)

Frihet-Natalie sa...

Koslig!! Kjekt å huske slike dager!!
Gøy med tips liste ;)

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Såg ut som om du hadde drøymedagen!:) Likte kjolen din, bordet, kaka..ja, alt egentleg.
Telysholdera som bordkort var jo heilt genialt! Den skal eg huske på! Eg og min kjære har fantasert litt om å gifte oss på Naxos der han fridde til meg. Men kanskje det blir for mykje styr..uansett blir ikkje det med det første. Så eg har god tid å tenke på det!
Takk for tipsliste:)
Kos deg idag!
Klem:)

Fru Andersen sa...

Så ut som en flott dag! Likte ideen med slike lysbordkort, lurt og stemningsfullt!

Håper dere koste dere i går da;-)

Godt jobbet av fotografen og stylisten her oppe på bloggen din forresten!

Kos deg i solen i dag!

elinAnita (eddaskreativiteter ) sa...

Så flott et bryllup du har hatt...har ikke hatt den gleden:)
men er vel ikke for sent ennu:)
Tusen takk for slik koselig kommentar...synes det er fryktelig morsomt og stæsje:)
ha en super dag
eddaKlemmer