onsdag 21. april 2010
Fargefest
Eg har visst om det før, men det var etter å ha sett eit innlegg hos Hvit romantikk at eg fann ut at dette var noko som virka enkelt å gjera og med eit fint resultat. Kva?, tenkjer kanskje du no. Det eg snakkar om er å laga kvite, keisame lys om til stemingsfulle fargeklattar ved hjelp av serviettar og ei varm skei. Eg var redd for at det skulle bli skrukkete, men det vart ikkje ein einaste skrukk. Etter bryllupet ifjor har me lassevis med desse kvite kubbelysa kjøpt på IKEA så her er det berre til å stå på. Kan ikkje gje dei vekk sidan dei har brent litt, men lys får ein ikkje nok av så eg har ingen problem med å ha dei sjølv! Med det fine veret kjem lysta til å gjera det litt vårleg inne og. Ny blom i glaset saman med desse marimekkolysa vart ganske bra. Eller kva syns de?
Hei og hå! Ha ein fin aprilkveld!!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Så fine de ble, skikkelig sommerlys! Deilig med friske farger nå;-) Tenkte å prøve meg på dette jeg også, hm kanskje jeg skal sette i gang nå...
God onsdagskveld!
Eg og såg innlegget til Anette om dekorering av lys.
Eg har gått til innkjøp av lys, men mangler servietter endå..har lyst på nokon nostalgiske;)
Virker jo kjempelett, og vart så fiiint!!:) Passa veldig godt til blomsten din. Herleg med farger:)
Kos deg ikveld:)
Klem:)
Så fine lysene ble....knall!!!
Leste inlegget til hvit romantikk, men tenkte at dette blir vel bare rot, men nå ble jeg inspirert til å prøve ;)
Hei på du :)
Lysa blei kjempe fine, og flotte i lag med blomsten din. Eg såg innlegget og, og har kjøpt både lys og servietta. Kanskje eg får tid te å prøva i mårokveld :)
Ha ei god natt ;)
Klem
Legg inn en kommentar