fredag 9. april 2010

Pompadour



"Pompadour er navnet på en slik liten poseveske med rund bunn, som lukkes ved å trekke sammen bånd oventil. Muligens ble den først laget av Madame Pompadour- den kjente, motedannende franske kurtisanen, og av den grunn fått hennes navn. I alle fall er det en søt og brukbar veske, særlig til selskapsbruk, og kan sys i et hvilket som helst materiale, fra fineste silke til tynt skinn. Det er en søt og populær gave å lage, men også fin til eget bruk. Sy den i samme stoff som selksapskjolen din eller som den fineste sommerkjolen" (Sitat er henta frå boka SØM- sy vakre ting til hjemmet, av Sue Thompson)

Eg er heller usikker på om min siste kreasjon svarar til pompadourdefinisjonen til Thompson, men den har rund bunn og snorer oventil. Eg skal sy fleire slike, men da skal eg ha snorene lenger nede, slik at det blir ein finare rynkekant oppe... Eg vil og følga oppskrifta i boka neste gong:-/ Eg tenkjer at det kan vera ei fin veska å ha toalettsaker eller sminke oppi. Enkel å laga og fin å gje vekk gåve...

God fredagskveld:-)

torsdag 8. april 2010

Wallpaper from the 70s



Nokre gonger så dukkar det opp interessante nettsider som ein berre ikkje KAN la gå upåakta hen. Som tapetnettbutikken wallpaperfromthe70s.com













Eg drøymer om eit kjøkken frå Kvik.... Det skal berre ha benkeskap. Kanskje med kvite dører, eller dører i valnøttfiner, uprofilerte og utan handtak. På eine veggen, over benkeplata (som er kvit), skal det vera fin "varm" tapet slik at rommet ikkje vert minimalistisk. Kjøkkenet må og ha hyller slik at eg kan setja fram fine ting. Hyller er berre *smask*! Det er viktig med draumar. Dei kan jo bli verkelege... ein vakker dag!?

Smukke skap og skjenke

Vips! Så kom eg over Tante Lilla, ein dansk nettbutikk med mykje fint å sjå på. Enig? I dag skal eg gå tur, og etter at Selma har lagt seg for kvelden skal eg på date med Bernina:-) Kva som kjem ut av den får de sjå ein annan dag..








Hugs å trekka den gode og friske vårlufta godt ned i lungene! Ha ein fin dag alle saman:-)

tirsdag 6. april 2010

Litt om gangen




Det gjekk plutseleg opp for meg at det var på tide å gjera noko i gangen og. Ein stor gullspegel frå IKEA og ein gammal krakk vart måla kvit (eg brukte ikkje sprayen). Putetrekket har eg sydd av stoff frå Fabric Rehab. På veggen skal det kanskje opp fleire bilder i svarte rammer og spegelen skal spikrast fast, men da trengs handymannen så det vert gjort ein annan dag. To be continued:-)

mandag 5. april 2010

Engel i blått






Selmaen vår er snart 7 månader<3 I dag skal me nyta siste påskedagen med å gå tur. Kanskje det vert eit lite kafèbesøk og? Ha ein fin dag alle saman!

søndag 4. april 2010

Me like....

Desse udøyelege klassikarane kom eg over på villaeuropa.no

Eames står øvst på ønskelista...


Eg har lurt på kva spareordning som vil kunna fungera lenge nok til at eg f. eks kunne få tak i seks slike til å ha rundt spisebordet. Panteautomaten på butikken er ei løysing. Ein vinn faktsik ganske ofte om ein trykker på røde kors-knappen i staden for å trykka ut pantelappen. Så puttar ein berre vinnarlappen oppi lomma på barnevogna og liksom gløymer at ein har vunne noko. Lurt?


Eller å ha ein slik i gangen<3








I mellomtida pimpar eg opp ein kjøkkenstol frå Living og malar ein gammal krakk.. God søndag frå Vivi:-)

lørdag 3. april 2010

Ib Laursen



Til det kvite kjøkkenbordet mitt har eg sydd ein liten duk av stripete stoff frå Fabric rehab. Det er godt å kjenna at våren er i anmarsj og eg får lyst til å tilføra hus og heim mønster og spreke fargar:-) Den vesle lappen av ein duk passa og godt til den gamle skåla frå Villeroy og Boch, samt lysestaken frå Ib Laursen. Ib Laursen sin nettkatalog er veldig oversikteleg og kjempefin. Du finn den her



Riktig god påskeaftan til alle besøkande:-)

P.S. Noko som funkar bra for liten og stor er å laga rebus eller gåte for å finna påskeegget. Å leita etter mitt påskeegg er som å finna nåla i høystakken, men me får vel prøva:-)

tirsdag 30. mars 2010

Påskeegg anno 1984




Dette påskeegget fekk eg av mor og far då eg var 5 år gammal. Det er mikrobisk i forhold til dagens egg, men den gongen var me vel takksame for mindre?! Eg kan hugse at nokre få bamsemums fekk plass i egget, samt bananslikkepinn, dumlekaramell og eit par seigmenn. Ein må hugse på at dette var før smågodtet si tid... Eg brukar egget enda og på grunn av at det er så lite og eg er blitt så stor, så må eg ha påfyll- i alle fall to gonger;-) Andre som har påskeegg frå barndommen å fortelja om? Uansett; ha ein fin tysdag- og ikkje gløym Fruene!!

mandag 29. mars 2010

Påskestemning


Vårin pyntar påskeriset.




Vivi kosar seg med skum og blad.

Det er ikkje mykje som minnar om vår ute, så det er best å kosa seg inne:-)
Ha ein fin mandag!!

søndag 28. mars 2010

Wabi sabi


www.mundochia.com




www.poetichome.com







Som så veldig mange andre så likar eg miksen mellom gamalt og nytt. Eg syns uansett det er vanskeleg, og litt kjedeleg å gå for ein spesiell gjennomført stil. Heime hos meg vil eg påstå det er ein gjennomført stilmiks som råder. Litt fransk landstil, litt retro og litt wabi sabi. Det er fint å setja sitt preg på hus og heim for å ungå at det ser ut som i ein møbelkatalog. Eg likar å sjå i blad som Jeanne d`Arc Living, for så å kombinera idear derifrå med inspirasjon frå Blogglandia. Det er kanskje minst wabi sabi her i heimen, men eg likar ideen.. Me har stovebord frå Home and Cottage laga av 100 år gamal alm, og ei smal hylle over senga som er ein planke mannen min ein gong fann. Legg merke til den litt knæsje fargen på soverommet. Eg var litt usikker på om fargen var riktig, men no syns eg den er ganske så fin.

Riktig god søndag til alle!