tirsdag 30. mars 2010

Påskeegg anno 1984




Dette påskeegget fekk eg av mor og far då eg var 5 år gammal. Det er mikrobisk i forhold til dagens egg, men den gongen var me vel takksame for mindre?! Eg kan hugse at nokre få bamsemums fekk plass i egget, samt bananslikkepinn, dumlekaramell og eit par seigmenn. Ein må hugse på at dette var før smågodtet si tid... Eg brukar egget enda og på grunn av at det er så lite og eg er blitt så stor, så må eg ha påfyll- i alle fall to gonger;-) Andre som har påskeegg frå barndommen å fortelja om? Uansett; ha ein fin tysdag- og ikkje gløym Fruene!!

1 kommentar:

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Å, kor søtt eit påskeegg!:) Eg har dessverre ikkje tatt vare på mitt, men huska det var rosa (hehe) og omtrent på størrelse med ditt:)
Gløymer aldri Fruene ;)
Klem frå Bjørg