torsdag 25. mars 2010

Morgonstund har gull i munn...













Eg kan hugse besteforeldrene mine eta nons på desse tallerkane. Det var så kjedeleg å venta på at dei skulle vakna opp etter middagskvilen, men til nons venta det alltid noko godt å eta; Vestlandslefse med sukker, smør og kanel.






Stille morgon på kjøkkenet mitt. Selma ligg på matta si, lukkeleg uvitande om at ho burde ha snudd seg frå rygg til mage no. Kaffi i koppen og bloggsurfing er flott. Ut av radioen strøymer flott musikk og fotoapparatet er ikkje langt unna det heller. Kva er de mest fornøgde med på kjøkkenet dykkar?

Finfin torsdag til alle:-)

1 kommentar:

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Nons ja! Hehe..det huska eg og:) Nokon som et det lenger?
Koslege detaljer på kjøkkenet ditt! Kjempefin tallerkenhylle :) Tivoliradio har eg og på kjøkkenet, gull verdt :)
Min yndlingsting på kjøkkenet er uten tvil kjøkkenhyllene mine :)
Selma er eit nydeleg namn, og på ei nydeleg jente :) Kor gammal er dottera di? Eg har ei på snart 4 mnd som heiter Ariel :)

Klem frå Bjørg

PS: skal du ta lodd må du gjere det under Give Away innlegget mitt for ei veke sia. Det er linka i dagens innlegg. Berre for å vere vanskeleg lixom ;)