onsdag 14. april 2010

Berre barnemat







Barnemat kostar faktisk ein del, og som den bevisste husmora som eg er fann eg i dag ut at eg skulle laga babymat sjølv. Me vil jo alle at barna skal veksa opp og bli store og sterke? Utan å undersøka oppskrift på nett eller spørja om råd på helsestasjonen skreid eg til verket medan minien sov formiddagsluren sin. To små poteter, ei gulrot og litt brokkoli stod på menyen i dag (og resten av veka kan det sjå ut som...) Stavmiksaren miksa det fint saman og i akkurat passeleg konsistens. Det vart inni hampen mykje mat av så lite?! Det ser ikkje særleg innbydande ut, men ein må jo berre nytta på når barna er så små at dei ikkje veit kva dei får! Selma likte det i alle fall så godt at det må gjentakast. Eg må etterkvart få med fleire ingrediansar i maten og gå til innkjøp av frysebeger. Nokon som har erfaringar på området?

Utanom det å vera god på barnemat, har eg i dag måla dette søte skrinet. Kan hende nokon klarar å gjetta fargen eg brukte? Bilder kjem kanskje seinare...





No skal eg ut i sooola! Ha ein fortsatt fin dag:-)

4 kommentarer:

Fru Andersen sa...

Nydelig skrin! Skjønn veslejente du har, synes det var fin farge på maten;-) Mitt lillegull ville bare spise grøt, så det ble frokost, lunsj, middag og kvelds i ti mnd. Nå er det kun skive med leverpostei... Haha, rare disse små;-) Kos dere ute i solskinnet!

Christine sa...

Hei på du!
Heimalaga barnemat har eg egentlig dårlig erfaring med, men kjekt ho likte din :)

Eg har ein award til deg på bloggen min :)

Klem

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Så flink du er! Det der må eg prøve når Ariel begynne på fast føde:)
Gleder meg til å sjå det ferdige skrinet. Tipper det blir kjempefiiint!:)
Ha ein fin kveld:)
Klem:)

tove sa...

Hei.
Tusen takk for koselig kommentar på bloggen min.
Har begynt så smått med middag til lille Miss men middags glass liker hun ikke.
Kanskje jeg skal lage selv.....
Ha en fin kveld.

Tove