fredag 23. april 2010

Ein heilt vanleg dag..



Her går eg mest i ring når snella søv fordi det er så mange ting eg vil få gjort på den halvanna timen ho kviler. Nokre ting jo berre bli gjort, slik som vasking av kle, golv, støvsuging osvosv. Eg reknar med at fruer og andre skjønar kva eg meinar... Idag har eg bytt om frå vinter- til vårgarderobe i skåpet. Vekk med alle ullgensarane som eg ikkje har brukt likevel. Burde ikkje lagt dei opp på loftet igjen sidan eg nok ikkje kjem til å bruka dei neste vinter heller. Det er altfor lett å kjøpa seg nye kvar sesong... Det er berre så vanskeleg å kvitta seg med kle!!! Ned frå loftet kjem vår- og sommarkle og mykje som eg faktisk har gløymt at eg hadde:-/ Det blir nesten som å få seg noko nytt!!

Utanom rydding og andre nødvendige sysler så er det sjølvsagt noko som skrik etter litt kvitmaling her i heimen. Det vert fort til at vaskerommet får gjennomgå. I draumehuset mitt skal eg ha eit eige rom/ kjellar som eg kan boltra meg fritt i. Det er så bale å rydda vekk malesakene heile tida. For ikkje å snakka om lukta som kjem...



Dette er ein puff med lokk som eg pleier ha vesker og skjerf i. Den har til no vore koksgrå, men no skal fargen skiftast og lokket skal få nytt trekk. Eg tenker å skriva noko på den og. Nokon som veit kor ein får tak i bokstav- og talstempel?


Pappen klødde seg i litt i hovudet då eg spurte om eg kunne få denne kista. Besten brukte den til å ha forskjellig rot i den trur eg. I alle fall er den godt brukt så det er ikkje så rart at han far lurte litt... Eg har tenkt litt fram og tilbake korleis eg skal angripa den; med pussepapir eller malingsfjerner. Puh.. Det vert litt av ein jobb!! Trur det er best å ta den med ut når eg går igang så da må sola koma tilbake fyrst:-)



Tilslutt er det denne korga som skal under penselen. Eg ville fyrst ha den slik, men det vert for mørkt syns eg. Durance-vaskemiddelet mitt er berre herleg! Verkeleg å anbefala altså!!

No er minien våken og det luktar mistenkeleg. Det betyr at maleprosjekta får venta litt og eg må ned på golvet og turna med ho som fortsatt er fornøgd med å berre ligga på rygg...

God helg til alle, om de har malebukse og malesveis eller ikkje!

2 kommentarer:

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Eg veit akkurat korleis du har det! Eg går nesten rundt meg sjølv, fordi det er så mykje eg vil gjere når Ariel søv. Og ho søve berre halvtime til time i slengen på dagtid. Men ho legg seg kl 19 då:)

Du kan jo bruke Foamstamps, som eg har brukt på verktøykassa mi i siste innlegget mitt. Viss dei finns endå då.. Dei heiter hvertfall Foamstamps og er frå Making Memories, eit scrapbook- merke. Du kan fint måle på dei med vannbasert måling og stemple i vei. Berre å skylle dei med vatn etterpå:)
Dei finns i fleire fontar:)
Ha ein fin dag!
Klem:)

Fru Andersen sa...

Haha, kjenner meg godt igjen, Stella-jenten min sover mindre og mindre på dagtid og når hun er våken er det full fart og turboløping. Bretter jeg tøy river hun det utover gulvet, vasker jeg, drikker hun fra vaskebøtten osv. Ikke enkelt når man har så mye man vil få gjort!

Flott kiste du har fått deg, den kan jo sikkert brukes som en ekstra sitteplass også, eller et bord siden den har flatt lokk. Kjekt med slikt "arvegods"!

Håper du ikke må opp på loftet igjen for å hente ned varme klær, jeg våknet til snødekt hage i dag! Skulle vært forbudt!

God malehelg;-)