onsdag 14. april 2010

Tadadadamtada




Dette hjarte er til Christines rede for awarden ho sendte meg! Veldig kjekt Christine:-) Eg er innom bloggen din kvar dag, og eg ventar i spaning på å få sjå bilete av veggen du har tapetsert!!!

Awarden gjekk ut på at eg skulle skriva sju interessante ting om meg sjølv. Eh...

1. Eg hatar rot og ser eg ein flekk må eg vaska den vekk:-/



2. Eg likar å putla på med ting for meg sjølv
3. Når eg skal noko har eg alltid goood tid fordi eg er redd for å koma for seint
4. Noko av det mest pinlege eg har gjort er å velta på sykkel midt i rushet i den vesle tettstaden eg budde før. Foten løsna ikkje frå trøa då eg måtte trø ned for å stoppa. Det gjekk i veldig slow motion kan ein sei... Huffoghuff



5. Likar veldig godt å sjå Frustrerte fruer og Torsdag kveld frå Nydalen (likar generelt å slappa av i sofaen)
6. Likar surt smågodt og lakris (eller lakkaris som dei kallar det her eg bur)
7. Har ingenting imot charterturar til sydlegare strøk



Dett var dett og no sender eg pokalen vidare til desse heldige bloggarane: Hvit romantikk , Mrs Bjoerklund , Mittliv1975 , Mitt lille hjem , Shabby Charm og Idyll . Desse må altså kopiera Awarden til bloggen sin og linka den til meg. Fortell så sju interessante ting om deg sjølv før du sender vidare til sju andre. No kom eg plutseleg på ei sånn vandrekaka som me kalla for vennekake? Deigen måtte bearbeidast på ein veldig spesiell måte elles så råtna den? Var det ikkje slik det var? Eg hugsar eg fekk ein klatt med deig som eg ikkje passa godt nok på. Det vart inga kake for å sei det slik...

God natt

5 kommentarer:

mittliv75 sa...

Hei..
Tusen takk for award, skal nok skrive og vise den fram i morgo:o) trenger bare nokon kjappe tips, har litt teflon hjerne om dagen- korles linker eg til bloggen din att?
Ha ein fin kveld.
Klem

Anette (Hvit Romantikk) sa...

Grattis med award, den fortjener du ! ♥ Og må si at jeg ble overrasket når jeg leste meg nedover og så du hadde sendt en award videre til meg. ♥ Veldig koselig, tusen hjertelig takk ! ♥

Gøy å lese 7 fakta om deg. Jeg elsker Frustrerte Fruer og Torsdagskveld fra Nydalen ! ♥
Er liksom to program jeg ikke
må gå glipp av, hihi... :)

Jeg er et nattrangel, men dette ble litt sent for meg også gitt.

Du sover helt sikkert, men sier alikevel natti natt ! ♥

God klem fra Anette :)

mittliv75 sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Christine sa...

1000 takk for hjerta og fin omtale, da set eg pris på :)

Kan lova deg at da kjem bilde av veggen min. Er ikkje ferdig style, for ting tar litt tid for tide..men eg trur eg legg ut sjølv om da ikkje e ferdig style, og so kan eg lagga ut seinare og :) Ja, da gjer eg :) Følg m på bloggen min :)

Klem

Fru Andersen sa...

Hei du!
Nå kommer det awarder til deg på løpende bånd! Det er en fra meg inne på bloggen min;-)