onsdag 24. mars 2010

And the name is Wedgwood...







Eg veit no kva eg ynskjer meg til bursdag og jul dei neste ti åra... Dette serviset var berre ufatteleg fint! Det var magisk å halda koppen for så å setja den ned på skåla. Lyden som kom da var fantastisk, det berre osar av sofistikert engelsk "tea time" med veslefingen høgt heva. Herleg.

tirsdag 23. mars 2010

Høna eller egget...



På Hobbykjellaren kom eg over egg i babuska-utforming. Eg var ikkje sikker på kor mange egg eg kjøpte, og då eg kom heim såg eg at det var tre stykker i pakken. Eit til mammabjørnen, eit til pappabjørnen og eit til babybjørnen (i den rekkjefølgja...)







Dette litt utanom-det-vanlege påskeegget fann eg på Trend og Nostalgi. Kunne tenkt meg å laga slike, men er ikkje sikker på kvar eg finn det papiret som er limt på. Inni trur eg det er isopor. Ved kassaapparatet låg det nyaste nummeret av Jeanne d`Arc Living og meir er det ikkje å sei om den saka...



Sjølv om eg skal vekk deler av påska er det koseleg å få våren inn i stova med litt grønt og gult, men då helst i små dosar....

Ha ein fin tysdagskveld. Og ikkje gløym Frustrerte fruer!!!!

søndag 21. mars 2010

No kan ingen kjenna seg trygge.....







På biblioteket fann eg denne boka. Veldig inspirerande sjølv om bileta har eit visst 1994-preg over seg. Boka inneheld enkle oppskrifter med gode forklaringar for dei som ikkje har gassa på symaskinpedalen sidan 9. klasse. Her finn ein oppskrifter på gardiner, bag med snørelukking, puter i ulik utforming og mykje meir. Veldig å anbefala! Trur eg må kjøpa meg denne.. Kjekt å laga gåver til store og små!? Boka er skriven av Sue Thompson og heiter SØM- Sy vakre ting til hjemmet.


God søndag!

torsdag 18. mars 2010

Gullfiskhukommelse




Eg er ein ivrig lesar av mange blad. No for tida går det mest i Kamille, Costume, Rom 123 og diverse andre interiørblad. Det er så kjekt å bli inspirert, drømma seg vekk, samt læra mykje nytt. I dei fleste blad er det mange gode tips som eg alltid tenkjer at "dette MÅ eg hugse"! Det kan vere alt frå gode matoppskrifter til kjekke nettsider som eg har lyst til å sjå nærmare på seinare ein gong... Difor har eg no skaffa meg ei bok med stivt papir som fungerer som ei slags hobbybok. Der ligg idear til syarbeid, blogg, nettadresser osvosv. Det minnar meg faktisk litt om den gode gamle skuledagboka frå ungdomsskulen. Der vart det limt inn Stimorol tyggispapir, kule klistremerker og venninnebilete teke i fotoboksen på Bystasjonen. Og adresser, fjortissdikt m.m vart skrive ned med sirlig skrift. Det var ei bok som fartalde kven eg var da, nett som "home made-boka" er det for meg no.

God torsdagskveld:-)

onsdag 17. mars 2010

Alt for gjenbruket!




Dette var opprinneleg ei brunbeisa aviskorg med bord over, men etter ein omgang med pussepapir, grunning og maling så vart det eit ganske fint avlastningsbord?! "Gardina" som er spikra på langs kanten er laga av lerretsstoff som eg har sydd blondekant på. Greit å skjula korga under som inneheld sysaker utan orden...



God onsdag til alle:-)

søndag 14. mars 2010

Strykemerker



Eg har kjøpt strykemerker på mirabell.no. Nettbuttikken har utruleg masse fint og sørvissen er upåklageleg. Eit par gonger har eg måtta kontakta dei, og begge gongane har eg fått veldig god hjelp. Vedlagt følgte det med bruksanvisning som var veldig lett å forstå. Det var likevel vanskeleg å veta kor varmt strykejernet skulle vera og kor lenge eg skulle trykka det hardt ned på merket. Men det gjekk bra- i alle fall denne gongen, og no har eg fått meg ei ny pute i sofaen <3 Kvite puter + barn = ikkje god kombinasjon... Men så er det keisamt å alltid tenka på kva som er mest praktisk!?!!







God søndagskveld!!!!

fredag 12. mars 2010

Vår i lufta!



På kjøkkenet har eg lenge hatt ei svart liftgardin som eg har vore veldig nøgd med. Men saman med stoffa frå Stoff og Stil kom ynskje om fornying på fleire frontar. Det gjekk hardt ut over den svarte gardina som måtte bøta med livet for ei lyserosa rullegardin. Kjøkkenet vart litt dokkehusaktig etter at den kom opp og bordet var ferdig malt. Ganske feminisert, men mannen hadde ikkje noko imot det- iallefall sa han ikkje noko:-) Utruleg kor eit heilt rom kan forandra karakter berre av å henga opp litt ny tekstil?! Og med lyserosa Tilda-stoff og plussgrader kom den gode vårfølelsen fram- endeleg!







Riktig god fredagskveld!

torsdag 11. mars 2010

IKEA-tråd ikkje til å stola på!!!

Symaskina mi kom heim igjen idag!!! Sørvissmannen sa at det hadde vore krøll med undertråden pga at eg har brukt sytråd frå IKEA?! Kven skulle trudd det? Hadde ikkje i min villaste fantasi tenkt at tråden har noko å seia for syinga... Maskina er no stilt inn slik at eg kan sy vidare med IKEA-tråden, men nei takk. No vert det skikkelege saker i framtida. Idag tenkte eg å sy ny kjøkkengardin. Eg har to typar Tilda-stoff kjøpt på Stoff og Stil. Eg trur eg går for det lyserosa stoffet til den nye liftgardina. Eller kanskje eg skal heller kalla det rullegardin med alternativt oppheng?! Bilete kjem i morgon:-) God natt!!

onsdag 10. mars 2010

Ein milepæl



Idag snudde Selma seg frå mage til rygg for fyrste gong! Det var ingen som fekk det med seg akkurat då det skjedde, men plutseleg låg ho berre der utanfor babygym-matta. Trur ho vart ganske forundra sjølv og, men om det var av snuinga eller av mors høglytte utbrot er uvisst:-) Mor vart minna på at tida går så altfor fort, og at det ikkje går an å venta med å gjera diverse som er lett å tenka at ein skal gjera "snart". Som det å ta avtrykk av dei søte ubrukte føttene!! Det såg ganske dramatisk ut medan me heldt på, og eg lurer på kva Selma tenkte da eg pensla raud akrylmaling på handa hennar. Då var det ganske mykje enklare med foten... Nokre av trykka vart ganske gode, medan andre avtrykk vart litt klumpfotaktige. Tenkte å ramma inn eit par avtrykk og gje det til krye besteforeldre kanskje?





Etter at Selma har lagt seg skal eg pussa kjøkkenbordet. Eg har hatt litt sparkel på nokre stader, men bryr meg ikkje så veldig om det er litt merke i bordplata. Bordet er frå IKEA og er ok no sidan me ikkje har plass til noko større på kjøkkenet. Slik det er no syns eg ikkje det passar heilt inn. Difor skal eg mala det, kvitt sjølvsagt;-)



Ha ein fin onsdagskveld! Klem frå Vivi

mandag 8. mars 2010

Endeleg klubb igjen!!!!

Månadens høgdepunkt står for døra (bokstaveleg tala..) Ikveld er det klubb igjen, og det er min tur til å vera vertinna. På klubben ikveld skal go`jentene få servert mintsjokolademousse til dessert. Oppskrifta fann eg i "Smaken av sjokolade" av Maxine Clark. For å laga godsakene til fire personar treng eg dette:
150 gr mørk sjokolade
4-6 mintsjokoladar (After Eight)-hakka
4 egg, skilt
2 ss sukker
4 ss kremfløyte
1 ts gelatinpulver
4 ss vann
2 ss hakka mintsjokoladebitar
evt. 2,5 dl kremfløyte, til pynt
4 små former eller glass

Slik går ein fram:
Smelt sjokolade og mintsjokolade. Avkjøl raskt. Pisk saman eggeplommer og sukker i ein stor bolle med ein elektrisk handmiksar til blandinga er tjukk og mousseaktig. Tilsett smelta sjokolade og fløyte.

Bland gelatinpulveret med vatn i ein liten, eldfast bolle. Lat stå i 2-3 minuttar. Set bollen i ein kjele med småkokande vatn. Rør til gelatinen er oppløyst. Bland det inn i sjokoladeblandinga.

Arbeid raskt, pisk eggekvitene stive, men ikkje tørre, i ein rein og tørr bolle. Vend eggekvitene inn i sjokoladeblandinga med ei metallsleiv.

Fordel moussen i formene. Dryss med mintsjokoladebitar. Set formene i kjøleskapet til moussen har stivna. Pisk evt. fløyten stiv og pynt moussen med kremen. Lat stå i romtemperatur i ca. 20 minuttar før servering.
Vonar det fell i smak:-) Eg gler meg!